Plakat - A Disorder 4 Everyone! 22. april 2026 Rising Beyond Suffering: Accessing Well-Being Beyond Diagnosis, Trauma and Medication

Å leve gjennom lidinga: Kome seg, trass psykiatriske diagnoser, traumer og medikament

Av AD4E – A Disorder 4 Everyone

Del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.

Tid og Stad

Onsdag 22. april 2026 kl. 1930 -2100 (norsk tid). DIGITALT

Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.

Språk: Engelsk

Oversikt

Bli med Rani & Mark på denne verkstaden (workshopen), som vil utforske djup menneskeleg forståing av «psykisk helse» utover psykiatriske diagnoser og liding.

Mange har opplevd å bli skuffa, skada eller mista håpet i det psykiske helsevernet. Andre har blitt fortalt at lidingane deira er ein livslang sjukdom, ein kjemisk ubalanse eller at noko anna er grunnleggjande gale med dei. Men, kva om det er ein annen måte å forstå liding på?

I denne erfaringsbaserte verkstaden vil Dr. Mark Howard og Dr. Rani Bora utforske ein djup og håpefull forståing av menneskeleg psykisk helse. Med utgangspunkt i sine kliniske erfaringar gjennom fleire tiår, og avdøde Sidney Banks si lære om åndeleg psykologi, gir dei perspektiv utover psykiatriske diagnosar, traumeforteljingar og debatten om medisinering. Verkstaden vil ikkje avvise traumer, fysiske symptom eller dei heilt reelle opplevingane av kjenslemessig og psykologisk liding, men vil i staden undersøkje:

– Skilnaden på fysisk ubehag og psykisk liding.

– Korleis uskuldige tankar forsterkar symptoma og opprettheld frykt.

– Kvifor det å vere konstant på vakt og årvaken, held oss fast i ein tilstand av stress.

– Korleis vi kan bli flinkare til å lytte til noko djupare enn symptom.

– Korleis klare å kjenne seg vel, sjølv når ein er i ein tilstand av ubehag.

Deltakarane vil inviterast til refleksjon, der innsikt skjer naturleg. Heller enn å foreslå teknikkar eller løysingar, vil ein peike mot ein ibuande kapasitet for resiliens, det å kunne sjå ting klart, og finne fred, som finnast i alle menneske.

Uansett om lidingane skyldast traumer, relasjonar, psykiatrisk medisinering eller diagnoser, gir denne verkstaden andre svar; Ei oppleving av håp. Menneske er meir enn ei psykiatrisk diagnose. Dei er meir enn symptoma sine. Det å ha det bra, kan vere nærare enn du trur.

Kjøp billett her

For tidlegare omtaler av AD4E på Mad in Norway, sjå her.