Bli med på AD4E arrangementet 23. mars 2026; "Ei psykososial, traumeinformert tilnærming til galskap" med professor John Read

Ei psykososial, traumefokusert tilnærming til galskap, med professor John Read

Digitalt arrangement av AD4E – A Disorder 4 Everyone. Del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.

Tid og Stad

Tirsdag 23. mars 2026 kl. 1900-2100 (norsk tid). DIGITALT

Kjøp billett her

Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.

Språk: Engelsk

Oversikt

På grunn av den store interessa, gjentar vi denne verkstaden (workshopen) med dr. John Read, professor i psykologi ved University of East London.:

– Er «schizofreni» ein reell tilstand?

– Kva betyr det om klienten min, venen min eller nære pårørande opplever «psykose» ?

– Om nokon høyrer stemmer, vil det seie at vedkomande er «schizofren» ?

– Kva er dei viktigaste årsakene til at ein høyrer stemmer og kjenner seg paranoid ?

Mange rådgivarar, psykoterapeutar og andre som gir støtte til mennesker i kjenslemessig naud, er usikre når det gjeld medisinske og diagnostiske omgrep, og kva konsekvensar desse har.

I gjentakinga av denne populære AD4E workshopen, vil John Read avmystifisere desse omgrepa og mykje meir. Du bør ikkje gå glipp av hans ærlege, psykososiale og traumeinformerte tilnærming til galskap, som så treffande blir oppsummert i hans velkjente sitat:

“Bad things happen and they fuck you up!”

Dr. John Read har publisert over 180 forskningsartiklar, hovedsakeleg om samanhengen mellom negative livshendingar og psykose. Han forskar også på dei negative verknadene av biogenetiske årsaksforklaringar på fordomar, erfaringane til personar som får «antipsykotiske» medikament og «antidepressiva», elektrokonvulsiv terapi (ECT), samt legemiddelindustrien si rolle i forsking og praksis innan psykisk helse.

John er leiar for International Institute for Psychiatric Drug Withdrawal og sit i styret for Hearing Voices Network i England.

John er også fast bidragsytar til arrangementa til A Disorder 4 Everyone.

Han har vore redaktør for den vitskaplege journalen Psychosis i 15 år og er redaktør og forfattar av fleire bøker, mellom anna:


Read J, Dillon J (eds) (2013) ‘Models of Madness’, Routledge.

Models ogf Madness - Second Edition - Psychological, Social and biological approaches to psychosis. Published for ISPS. Redigert av John Reed og Jacqoui Dillon (bokomslag).

Read J, Sanders P (2022) ‘A Straight Talking Introduction to the Causes of Mental Health Problems’, PCCS Books.